Pasienthistorier

 

Normalt sett har eg vorte lett gravid, men ikkje denne gangen. Etter 16 mnd utan resultat, tok eg dette opp med Kolbjørn.

Kunne han hjelpe?

Etter eit par behandlingar og ein liten månad, var eg gravid! HURRA!

Kolbjørn behandla meg under heile graviditeten. Ved ultralyd på KK i 6 mnd sa legen at den vesle babyen låg i seteleie. Då dette kom Kolbjørn for øyra jobba me med nokre punkt i bekkenet og i løpet av eit døgn snudde babyen seg sjølv. Når fødselen nærma seg jobba me med bekken og ligament. Fødselen gjekk raskt og greitt, med gode rier.

Berre 3 pressrier skulle til før den store jenta vår på 4500 gram og 52 cm kom ut.

 

Eg er veldig takknemleg for hjelpa eg fekk, og framleis får, av Kolbjørn.

Gry, 39 år 

 


 

Eg er ein gut på 18 år, som for godt og vel eit og eit halvt år sidan byrja å gå til kiropraktor.

Eg er ein svært aktiv person som trivst best ute i friluft. Eg har alltid slitt med lite søvn, dårlig sjølvtillit og angstplagar.

Då eg gjekk på ungdomsskulen prøvde eg både psykolog og lege. Hjå psykologen fekk eg nokre metodar som skulle få meg til å roe meg ned om nettene, og hjå legen fekk eg medisin. Ingenting av dette hjelpte noko særlig.

Etter berre to behandlingar hjå Kolbjørn, sov eg som ein stein kva tid som helst og kvar som helst. Eg har heller ikkje så store plagar med nakke eller rygg når eg til dømes er på jobb, skule eller når eg trenar.

Eg vil seie eg er eit godt eksempel på at kroppen både psykisk og fysisk heng tett i hop. Kiropraktikk har hjelpt meg til ein enklare og betre kvardag!

Kiropraktikk, "Because you`re worth it"


Thomas, 18 år

 


Me brukar lett ti tusen kroner for å fikse bilen som ikkje fungerer slik som den skal.

Det å bruke ti tusen kroner på eiga helse er ikkje så lett, men ein får meir att for pengane.

Eg går jamleg til kiropraktor for å ”knekke på plass” ryggen min.

Eg var skeptisk då eg begynte å gå her. Men no, 1 år etterpå, er ryggen min mykje betre enn før.

Oppfølginga er toppers, og eg bruker LETT ti tusen kroner på eiga helse her.

 

Maren, 25 år 

 



 

Ein onsdag i år 2009 ramla eg ned trappa frå 2. etasje til 1. etasje. Slo ryggen slik at eg måtte få seng i stova pga. eg ikkje kom opp trappa til soverommet. Fredag fekk eg time hos Kolbjørn og fredag kveld gjekk eg opp trappa til soverommet. 

Kiropraktor kan anbefalast. 

 

Elisabeth, 45 år 



 

 

Kiropraktikk har vore til stor hjelp for meg sidan eg oppdaga behandlingstilbodet for nokre år tilbake. 

Eg har stor nytte av hjelpa Kolbjørn og hans medarbeidarar har gjeve meg. 

Eg har hatt plagar med ryggen over fleire år, og har blitt betydelig mykje betre etter behandlinga eg har fått. 

Kolbjørn er ein svært positiv og kunnskapsrik mann, som verkeleg bryr seg om deg. 

Han går verkeleg inn i det han driv med, og ein får skikkeleg tillit til han.

 

 

Turid, 17 år 


 


Eg er ei kvinne på 67 år, har dårleg rygg og beinskjørheit. For å halda meg i form, trenar eg kvar morgon i 60 til 45 min. og er mykje ute og går. 

I tillegg – og ikkje minst, går eg til kiropraktor 1 gong i månaden for å halda ryggraden mjuk. På denne måten merkar eg ikkje at det feilar meg noko. 

Eg kan gå på ski, køyra i alpinbakken og gjera nett kva eg vil. 

 

Ingunn, 67 år 




Eg har gjennom mange år hatt problem med ryggen. Hausten 2001 hadde eg 2 prolaps. Det same skjedde i 2004, eg fekk prolaps i same nivå som førre gong. Eg fekk hjelp hjå fysioterapeut og dreiv med eigentrening. For nokre år sidan starta eg behandling hjå kiropraktor. Dette har vore til veldig god hjelp for meg. Om lag i 2 år har eg no gått til behandling ein gong i månaden. Sjølv om eg har litt mindre gode periodar inni mellom opplever eg at desse behandlingane er med på å førebyggja tilbakefall. Eg har ikkje vore sjukmeld grunna ryggproblem sidan 2004.  

 

Annlaug, 62 år 


 

 

Eg er ein toppidrettsutøvar som driv aktivt med fotball og ski. Med masse knall og fall i alpinløypene og harde taklingar på fotballbana har eg vore heldig og fått behandling hjå kiropraktor Kolbjørn. 

Han har hjelpt meg utruleg mykje opp gjennom åra, og har vore ei viktig brikke for at eg skulle få fortsette med idretten min vidare. 

Kolbjørn står alltid i døra smilande og blid når eg kjem deppa over ein hoven ankel eller ei vriding i kneet. Då kjem han med oppmuntrande ord som ”Dette fikser me!”. 

Eg går regelmessig til kiropraktoren for å halda kroppen ved like. 

 

Anders,  21 år 


 


Jeg er 70 år, og er smertefri for første gang på 50 år etter et besøk hos Kolbjørn. Nakken ble så myk at jeg kunne snu på hodet for å se etter en mann på gaten. 

Mellomgulvsbrokket mitt har han også fått på plass, slik at jeg nå får nok luft i lungene. 

Jeg er beinskjør og har KOLS. Nå har jeg fått tilbake livslyst og glede. 

Min mann på 73 år, har også vært hos Kolbjørn til behandling for sin vonde rygg og ben. Han er så mye bedre, at nå traller og synger han igjen. 

Tusen takk til dere alle hos Kiropraktoren på Voss for omsorg og vennlighet. 

 

Marit, 70 år 



Jeg er en mann på 73 år og bor i Bergen. For første gang i mitt liv har jeg vært hos kiropraktor, og det var en behagelig overraskelse. 

Allerede ved mottakelsen ble jeg tatt godt imot. Jeg fikk tatt diverse røntgenbilder og skannet meg fra topp til tå. Jeg må innrømme at jeg aldri har fått en slik grundig undersøkelse. 

Deretter var det Kolbjørn som stod for tur. Jeg kvidde meg litt. Jeg trodde at kiropraktor var en som brukte krefter og knekket og slet for å få alt på plass. Men så feil kan man altså ta. Behandlingen jeg fikk var smertefri og behagelig. Etter første time fikk jeg behandling hver dag i en uke, og jeg må si at jeg har merket en vesentlig bedring i kroppen min. Jeg har vært plaget med bihulene mine i en årrekke, også disse er mye bedre nå. 

 

Per, 73 år


 

 

Eg tykkjer Kiropraktoren AS er ein herlig plass å koma, ein vert møtt med eit smil og eit «God dag Stine*» (alt etter kva ein heiter).

Berre noko "lite" som det å bli møtt med førenamn, er nok til å gjere dagen betre!

Heile gjengen som jobbar der er nett like trivelege, både når det kjem til behandling eller berre å slå av ein prat, då er det triveleg å koma inn døra hjå dei! Eit lyspunkt i kvardagen! 


Stine, 18 år 


 

 

For ein del år sidan hadde eg plagar etter ein prolaps i nakken. Eg hadde vondt i hovudet og nakken, og var ofte kvalm ved stress. 

Etter at legen føreslo kiropraktorbehandling og borna mine puffa etter, byrja eg. 

Kiropraktoren fann og to andre skadar i ryggen min. På grunn av dette hadde eg lenge hatt verk i den eine armen og lite kraft i handa. Eg verka og i hoftene om natta etter moderate fjellturar og liknande. 

I byrjinga fekk eg tre behandlingar i veka, så gradvis færre behandlingar. No er eg på vedlikehaldsbehandling kvar 6. veke. Over fleire år har dette opplegget halde plagene på avstand. Sjølv ved stress har eg ingen plager med nakken lenger. Smertene i hoftene er borte og krafta i handa har eg fått tilbake. 

Eg vonar eg har høve til å få kiropraktorbehandling så lenge eg lever! 

 

Kari Johanna, 61 år

 

Kinesiotape

 

 

kinesiotape

  • På byrjinga av 70-tallet kombinerte kiropraktoren Kenzo Kase i Japan ein teknikk frå kinesiologi og kiropraktikk og utvikla "Kinesio Taping". Ein metode som sidan har vore i stadig utvikling og forbetring. I dag blir den brukt over store deler av verda. 

 

  • Kinesiotaping er ei smertefri behandling og det finns fleire teknikkar og metodar for å setja tapen på. Behandlinga skal kunne påverke muskelfunksjonen, aktivere lymfesystemet og aktivera kroppens eigen smertekontrollerande system. Den gjev også støtte for å betre leddfunksjonen.

 

  • Medan vanleg sportstape er uelastisk og lite mobil, er kinesiotape elastisk og gjev fri rørsle. Kinesiotapen er strekkbar og tøyelig, og "jobbar" for kroppen på ein heilt anna måte. Tapen kjem i ulike fargar, og skal også vera allergivenleg. 

 

  • Behandlinga er eit godt reiskap, både som sjølvstendig behandling og i kombinasjon med andre behandlingsmetodar. 

 

  • Kinesiotaping gjev støtte og stabilitet til ledd og musklar utan å påverke sirkulasjonen eller omfanget av bevegelse. 

 

  • Kinesiotaping er ein teknikk basert på kroppens eige naturlege tilhelingsprosess. 

 

  • Kinesio Tape brukas til alt frå hovudverk til fotproblem og alt i mellom. 


Døme er: muskel tilrettelegging, carpal tunnel syndrom, korsrygg belastning/smerter, kne forhold, skulder forhold, hamstring, lyske skade, rotator cuff skade, whiplash, tennislboge, plantar fascitt, patella sporing, før og etter kirurgisk ødem, ankelskade, atletisk førebyggjande og som ein støtte metode. 

 

taping_kinesio_tape_408x271_2

 

 

Om oss

 

Hjå oss treff du:

 

kb_liten

Kolbjørn Sæten, kiropraktor  

 

Kolbjørn er utdanna kiropraktor frå Palmer College of  Chiropractic, USA. I tillegg har han idretts- pedagogutdanning og har jobba i fleire år med dette. Han er oppteken av helse og velvære. Han held ofte motivasjons foredrag for bedrifter og andre grupper som ynskjer å jobbe aktiv for ei betre helse.

  

berit_liten

Berit Sæten, treningsterapeut

Berit er treningspedagogen vår. Ho er for tida ute i mammapermisjon.

 

 

siv_liten

Siv Holm, sekretær

 Siv er utdanna medisinsk sekretær og har vidareutdanning som kiropraktor assistent. Ho har vore med frå byrjinga i 2008 og har styrt resepsjonen sidan då. Tidlegare har ho blant anna jobba på Nevrologisk avd. ved Ullevål Universitetssykehus. 

 

 

 

 

ebt_liten

Elisa-Beth Tveitnes, kiropraktorstudent

Elisa-Beth har jobba som radiograf her hjå oss i 4 år. No er ho reist til USA for å studera Kiropraktikk. Me ynskjer ho lukke til med studiane!

 

 

stine_liten

Stine Øvsthus, fysioterapeut 

 Stine er utdanna fysioterapeut. Ho har studert ved University College Syddanmark i Esbjerg, Danmark. Stine tilbyr fysikalsk behandling, individuell trening, gruppetrening, laser- og trykbølgjebehandling. 

 

efe_liten 

 Elisabeth F. Eide, sekretærž

 

Elisabeth er ei av dei fyrste du treff i resepsjonen. Ho har alltid et smil på lager. Har du spørsmål kan ho hjelpe deg med det meste.
 
 
 

 

 

Bestille time online

 

Du kan både bestille og avbestille tid til behandling på nettet. Når du er pålogga vil du kunne sjå kva tid du er satt opp til time under "Bestilte timer". 

 

 

Er det fyrste gong du skal til oss, eller meir enn 1 år sidan du var hjå oss?

 

Då set me av ekstra tid til deg.

 

Dette får du diverre ikkje gjort på online-bestillinga, og må ringe oss på telefon 56 51 00 80 

 

KLIKK HER FOR ONLINE TIMEBESTILLING

 

 

onlinebooking

sEMG

 

semg

 

 

Når ein muskel trekkjer seg saman oppstår det elekstriske impulser (microvolt) som er målbare på overflata på kroppen. sEMG  er ein metode for å måle denne aktiviteten.

 

 

Du har kanskje høyrt om EEG (måler impulser i hjernen) eller EKG (måler impulser i hjarta)?

 

 

 

sEMG er, i likhet med EEG og EKG, ein vitenskapeleg anerkjent metode for å måle elektriske impulser.

Under ein sEMG undersøkjing vil små, elektriske signal frå dei aktiverte musklane verta registrert av sensorer plassert på huda direkte over muskulaturen.

Styrken og mønsteret til desse signala blir så overført til eit dataprogram som analyserer informasjonen og lager ein rapport.

 

 

Informasjonen i rapporten vert nytta for å evaluere den funksjonelle statusen til muskulaturen som ligg rundt ryggsøyla og er slik eit viktig ledd i prosessen med å skreddersy et individuelt behandlingsopplegg til deg.

 

 

sEMG kan vi og nytta i eit behandlingsopplegg for å måle evt. progresjon og/eller respons på behandlinga undervegs.

 

Timebestilling

Facebook