Småbarn 1-5 år

Kids bikes for growing kids

 

 

 

Dette er ei periode i barnets liv som innebær stor utvikling av barnets bevegelighet og motorikk. I denne perioden lærer barnet blant anna å gå, løpe, hinke og finmotorikken utvikles dagleg. Det er også en tid med mange fall frå store og små høgder. 

 

God ryggfunksjon gjev betre mogleghet for riktig nerve- og muskelfunksjon. Dette gjev betre utvikling av kroppene generelt. 

Det skal seies at kroppen tålar ekstremt mykje og er flink til å kompensera, men om ryggsøyla fungerer dårleg, mister kroppen gradvis evna til å kompensere. Då kan det oppstå belastninger og smerter. 

 

 

 

 

 

Vanlege plagar som kiropraktoren kan hjelpa barnet med i denne perioden er: 

 

  • Gange- og bevegelsesvanskar 
  • Voksesmerter
  • Tilbakevendende øyreverk
  • Pustebesvær/astma, som ofte fører til låste ledd i midtryggen
  • Søvnproblem
  • KISS-KIDD problematikk
  • Mage- og tarmproblem
  • Generell forebygging

 

Spedbarn

justering babyDet å verta fødd er for mange ein av dei største påkjenningar kroppen vil verta utsatt for igjennom eit liv. Ein fødsel kan være både fascinerande og fantastisk på alle moglege måtar, men det er viktig å hugse at det også er store krefter i sving. I løpet av ein fødsel vil babyen verta utsatt for både fysisk, hormonelt og emosjonelt stress. I utgangspunktet er babyen bygd for å tåle dette stresset, men nokon gonger er belastingane ekstra store. Til dømes kan kroppen komme skjevt ut eller ha hatt det veldig trangt i livmora (feks seteleie, tverrleie og lignande), bruk av vakum, tang eller keisersnitt. 

Ofte er det nakken som må ta det verste støtet, men det er og mykje anna som kan prege eit nyfødd barn. 

På kort tid veks barnet enormt mykje, kroppsvekten fordobles på kort tid. Visste du at 65% av nervesystemet utvikles i det fyrste leveåret? Eller at omtrent halvparten av alle barn fell eller vert mista frå ein større høgd ein eller fleire gongar i løpet av fyrste leveår?

Alle desse hendingane kan føre til låsninger og feilfunksjonar i ryggrada som igjen kan påverke barnets vektst og utvikling. 

 

Vanlege problem som foreldre kjem til kiropraktor for: 

 

Kolikk, kolikklignande symptom eller generell uroleghet 

  • Problem med bevegelse i nakken (til dømes favorittside, asymmetrisk hode...) 
  • KISS problematikk (sjå eige kapittel) 
  • Ammeproblem/sugevanskar
  • Søvnproblem
  • Motoriskeproblem
  • Problem med å løfte hovudet når babyen ligg på magen
  • Krabbe- eller gangproblem
  • Mage- og tarmproblem / forstoppelse 

Kolikk

 

 

Babyen din gret hjarteskjerande og intenst. Trekkjer beina oppunder seg, fektar med armane og presser hovudet bakover. Trøyst hjelper ikkje. Det som skulle være ei fredfull tid saman med den nyfødde, har utvikla seg til småbarnsforeldra sitt verste mareritt. kolikk

 

Kolikk er ein tilstad som viser seg ved at barnet gret utrøystelig kvar dag i ein lang periode. 10-15 % av barn får kolikk.

Kolikk kjem som regel i løpet av dei fyrste 2-3 vekene etter fødsel, og symptoma varer sjeldan lengre enn tre månader.

 

 

  

 

 Teikn på kolikk:

Periodevis, uforklarleg, intens skriking hos eit ellers friskt barn. Beina trekkast ofte opp mot magen, hovudet og overkropp bøyes ofte bakover. Urolege arm- og beinbevegelar. Barnet er oftast heilt utrøstelig.

 

Når kiropraktoren vel å behandla eit kolikkbarn, vil det alltid ligge føre ei grundig undersøking av barnet og ein djuptgåande samtale med ein eller begge foreldra. Sjølve behandlinga er skånsam, og prinsippet er det same som ved behandling av vaksne. Å få muskulatur og ledd til å bevege seg normalt. Behandlinga er ikkje forbundet med ubehag eller plager for barnet.

Rådgjeving er ein vesentleg del av behandlinga. Amming, kost, morsmjølktilegg, søvnmønster, korleis ein best mogleg bær barnet og korleis trøste barnet er gjerne tema som vert tatt opp.

 

Resultat:

Mange barn med kolikksmerter har god effekt av kiropraktorbehandling. Dette støttes av fleire forskningsrapporter frå blant anna Danmark, Noreg og Syd-Afrika. Dei viser at barn med kolikksymptom vert betydeleg betre eller heilt asymptomatisk av kriopraktorbehandling. I Noreg vart det gjort ei undersøking hjå ein kiropraktor i Bergen, der den manuelle delen av behandlinga hadde lik stor effekt (3 av 4 vart bra) som ein kognitiv intervensjon, dvs råd og rettleiing. 

 

Kjelde: http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/23158465

 

 

 

 

 

 

 

Målgrupper

 

 

Her hjå Kiropraktoren AS treff vi folk i alle aldre. 

 

Det er aldri for tidleg eller for seint å gå til kiropraktor. 

 

 

 

 

Foredrag for gravide og dei med småbarn

 

 

 

 

 

Kiropraktor Kolbjørn Sæten held foredrag for gravide og foreldre med småbarn.

 

 

Når:     Tysdag 5. november 2013 kbmontasje

Tid:      Kl.11:15

Stad:    2. etg i Vangsgata 25

 

 

 

 

 

Ta med deg bornet ditt og kom!

Påmelding på tlf 56 51 00 80 eller i resepsjonen hjå Kiropraktoren AS. 

Timebestilling

Facebook