Kolbjørn justerer Unn (1 år)

 

Mange lurar på korleis kiropraktoren justerer barn. Det er sjølvsagt forskjellig frå barn til barn, men me har laga ei lita video for dei som vil sjå eit eksempel.
Her får de sjå Kolbjørn som justerer Unn på 1 år.

 

 

 

 

 

 

 

KISS/KIDD

KISSDei siste åra har det vert eit stort fokus på KISS/KIDD- problematikk

 

KVA ER EIGENTLEG KISS-KIDD

KISS kan sjåast på som eit samlebegrep for mange symptomar kor årsaka kan vere ei nakkelåsing eller nakkeblokkering som påverkar eller hemmar bornets utvikling eller velvære. God nakkefunksjon er grunnleggande for bornets generelle utvikling, koordinasjon og integrering av sanseinntrykk. 

Born er annleis enn vaksne på mange måtar. Dei har eit uferdig nervesystem, dei er mjukare og meir bevegelege. Storleiken og tyngda på hovudet til kroppen er mykje svakare enn seinare i livet. 

Eit born kan ha ei nakkelåsning utan å ha KISS symptomar, og eit born kan ha KISS symptomar av ulik grad, utan å ha ei nakkelåsning. Det kan vere mange årsakar til bornets plagar, og det er viktig å finne den riktige.

Nakkeblokkeringar er vanlege hos born og det fins mange ulike formar og gradar av nakkeproblem. Bare dei siste åra har kiropraktorar gjeve fleire tusen nakkekorrigeringar hos born og spedborn. Dei fleste born treng relativt få behandlingar for at kroppen skal kunne ta i bruk eigne ressursar og lege seg sjølv.

Kiropraktorar har lange tradisjonar med behandling av born og feilfunksjonar i nakken. Allereie på byrjinga av 1900- talet var behandling av born eit eige fag på kiropraktorstudiet. I dei seinare år har også andre faggrupper blitt merksam på kor viktig ein nakke utan blokkeringar eller låsingar er for bornets utvikling og funksjon. Nokre manuell- terapeutar med ekstra vidareutdanning i behandling av born, samt osteopater, behandlar også born med KISS- KIDD problematikk. Det viktigaste er at behandlaren du velgjer å oppsøke, har erfaring med behandling av born. 

 

 

Nokre av hendelsane som kan påverke nakkefunksjonen hos born er:

 

  • Ein tøff fødsel
  • Ein rask fødsel
  • Fødselsforløsande hjelpemidlar som vakuum eller tong
  • Born som har lege trångt i livmora som f. eks. ved sete eller tvillingleie, eller eit veldig stort born.

 

 

Hos eldre born kan traumer og stress også påverke nakkefunksjonen. 

 

KIDD er nemninga for eit større born med eit udiagnostisert KISS problem. 

KISS- KIDD er ikkje ein sjukdom

KISS er nemninga for "kinematic imbalance due to suboccipital strain"

KIDD er nemninga for "KISS- induced Dysgnosia and Dyspraxia"

Dysgnosi: sanseintergrasjonsforstyrrelse

Dyspraxia: klossethet

 

 

 

KISS3

Symptomer hos born med KISS eller ein nakkelåsning/blokkering, kan vere følgande 

 

  • Favorittside av nakken og/eller skeivstilling
  • "Banan- form" eller C skoliose
  • Kolikksymptomar eller generell uro
  • Ligg med hovudet ekstremt bakoverbøygd
  • Amme/sugeproblem
  • Ømheit/hypersensitivitet i nakken (Like bl. a. ikkje når ein tek på nakken eller får kle over hovudet.)
  • Assymetrisk hodefasong eller skeivt hovud. 

 

 

 

 

 

 

A girl with a headache

Symptomar som går under nemninga KIDD, eit større born med ei nakkelåsing kan vere følgande:

 

  • Konsentrasjonsvanskar
  • Hovudpine
  • Balanseproblem
  • Forsinka motorisk utvikling
  • Mage/tarm problem

 

 

Etter ei grundisk undersøking består behandlinga av lette trykk for å få tilbake normal funksjon i nakken, og andre ledd som kan ha vorte påverka , som oftast bekkenledd eller brystrygg. Etter det får ein råd, veiledning og øvelsar som foreldre kan gjere saman med bornet heime. Dei fleste born treng relativt få behandlingar. Alle born er forskjellige og årsaka til nåkkelåsingar er ulike. Det gjer at nokre born vil trenge fleire behandlingar enn andre. Enkelte born vil også trenge vidare oppfølging hos barne- fysioterapeut i tillegg til kiropraktisk behandling. 

 

Kiropraktoren tilvisar og samarbeidar med barne-fysioterapeutar i oppfølginga av born med KISS og KIDD, og tilvisar til røntgen eller spesialist dersom det er naudsynt. 

 

 

Ungdom

ungdom

 

 

 

 

Utfordringane i denne perioden strekkjer seg frå stillesitjing og TV- sjåing til ekstrem trening og auka treningspress. Sistnevnte kan bl.a føre til hyppigare idrettsskadar. Hormonforandringar i kroppen påverker barnet både fysisk og emosjonellt, og meir voksne formar vert utvikla i denne fasen. 

 

 

 

 

 

Når kiropraktoren kontaktast, er det gjerne på grunn av:

 

  • Meir "voksne" muskel- og skjelettproblem, bl. a. skoliose (skeiv rygg)
  • Stress
  • Voksesmertar
  • Skuldersmertar
  • Ryggsmertar
  • Hodepine
  • Tannregulering som gjev stress på nakken
  • Barnemigrene
  • Idrettskadar

 

Eldre

old-coupleMange eldre trur at dei må leva med plagane sine resten av livet. At "ein kan vel ikkje venta seg meir i min aler" eller "dei seier det skuldas vanlege aldersforendringer". 

 

Det mange ikkje veit er at det ofte skal forbausande lite til for å betre situasjonen for mange eldre menneske. Forkalkning, nedslitte skiver og skjeve, trøytte ryggar betyr ikkje det same som at ein ikkje skal forsøka å betre tilstanden. Behandlinga tilpassast kvar enkelt. 

 

I tillegg til aktiv behandling, får den einskilde råd og motivasjon for å gjere kvardagen lettare og mindre smertfull. 

Når du har kontakta kiropraktor og får ein fyrstegongskonsultasjon gjer kiropraktoren ein grunding undersøking og vurdering av din helsetilstand. Etterpå kan kiropraktoren fortelja deg kva behandlingsmetode som er tryggast for deg og som du har best mogleg nytte av. 

 

 

 

Er du usikker på om vi kan hjelpa deg?

Vi svarar gjerne på spørsmål frå deg. Ta kontakt.

 

older-woman-being-adjusted-200-300

Man-with-Neck-Adjustment

Skulebarn

kids pcDette er perioden då bornet går frå ei tid med ein aktiv, leikande kvardag til ein meir stillesitjande situasjon på skulebenken. Kroppen veks, stresset aukar, skulesekkar skal bærast og skulestolar skal sitjast riktig på. Lekselesing krev ei riktig haldning både i kropp og sjel. Dataspilla og PC-ane får ofte ei stadig større rolle i bornas liv. Trampolineskadar og ulik tøff idrettsutfoldelse hender også ofte ganske ofte. Det er umogleg for foreldre å få med seg alt som skjer heile tida. 

 

 

I denne perioden handlar besøket hos kiropraktor oftast om:

 

  • Voksesmerter
  • Ryggvondt
  • Nakkevondt
  • Søvnvanskar
  • Fordøyingproblem
  • Astma/pustevanskar
  • Hodepine
  • KIDD problematikk
  • Løpe- eller gangproblem
  • Holdningsproblem
  • Sengevæting
  • Førebygging

 

 

Timebestilling

Facebook