Hjå oss treff du 2016

Kolbjørn Sæten, kiropraktor

Kolbjørn er utdanna kiropraktor frå Palmer College of Chiropractic, USA. I tillegg har han idretts- pedagogutdanning og har jobba i fleire år med dette. Han er oppteken av helse og velvære. Han held ofte motivasjons foredrag for bedrifter og andre grupper som ynskjer å jobbe aktiv for ei betre helse.

 

Berit Sæten, treningsterapeut

Berit er treningspedagogen vår. Ho er for tida i permisjon.

 

Siv Holm, sekretær

Siv er utdanna medisinsk sekretær og har vidareutdanning som kiropraktor assistent. Ho har vore med frå byrjinga i 2008 og har styrt resepsjonen sidan då. Tidlegare har ho blant anna jobba på Nevrologisk avd. ved Ullevål Universitetssykehus.

 

Elisa-Beth Tveitnes, kiropraktorstudent

Elisa-Beth har jobba som radiograf her hjå oss i 4 år. No er ho reist til USA for å studera Kiropraktikk. Me ynskjer ho lukke til med studiane.

 

Stine Øvsthus, fysioterapeut

Stine er utdanna fysioterapeut. Ho har studert ved University College Syddanmark i Esbjerg, Danmark. Stine tilbyr fysikalsk behandling, individuell trening, gruppetrening, laser- og trykbølgjebehandling.

 

Elisabeth F. Eide, sekretær

Elisabeth er ei av dei fyrste du treff i resepsjonen. Ho har alltid eit smil på lager. Har du spørsmål kan ho hjelpe deg med det meste.

 

Hilde Hamre, kiropraktor

Hilde er utdanna kiropraktor ved AECC Chiropractic College i England. Ho er opptatt av kiropraktikk og behandlar barn, ungdom, vaksne og eldre. Hilde har stort fokus på god helse og korleis ein kan få ein så god kvardag som mogleg. Tidlegare har ho jobba som pilatesinstruktør og er naturleg nok særdeles positiv til rett trening og øvingar for deg.

 

 

Timebestilling

Facebook