Hjå oss treff du 2016

Kolbjørn Sæten, kiropraktor

Kolbjørn er utdanna kiropraktor frå Palmer College of Chiropractic, USA. I tillegg har han idretts- pedagogutdanning og har jobba i fleire år med dette. Han er oppteken av helse og velvære. Han held ofte motivasjons foredrag for bedrifter og andre grupper som ynskjer å jobbe aktiv for ei betre helse.

 

Berit Sæten, treningsterapeut

Berit er treningspedagogen vår. Ho er for tida i permisjon.

 

Siv Holm, sekretær

Siv er utdanna medisinsk sekretær og har vidareutdanning som kiropraktor assistent. Ho har vore med frå byrjinga i 2008 og har styrt resepsjonen sidan då. Tidlegare har ho blant anna jobba på Nevrologisk avd. ved Ullevål Universitetssykehus.

 

Elisa-Beth Tveitnes, kiropraktorstudent

Elisa-Beth har jobba som radiograf her hjå oss i 4 år. No er ho reist til USA for å studera Kiropraktikk. Me ynskjer ho lukke til med studiane.

 

Stine Øvsthus, fysioterapeut

Stine er utdanna fysioterapeut. Ho har studert ved University College Syddanmark i Esbjerg, Danmark. Stine tilbyr fysikalsk behandling, individuell trening, gruppetrening, laser- og trykbølgjebehandling.

 

Elisabeth F. Eide, sekretær

Elisabeth er ei av dei fyrste du treff i resepsjonen. Ho har alltid eit smil på lager. Har du spørsmål kan ho hjelpe deg med det meste.

 

Hilde Hamre, kiropraktor

Hilde er utdanna kiropraktor ved AECC Chiropractic College i England. Ho er opptatt av kiropraktikk og behandlar barn, ungdom, vaksne og eldre. Hilde har stort fokus på god helse og korleis ein kan få ein så god kvardag som mogleg. Tidlegare har ho jobba som pilatesinstruktør og er naturleg nok særdeles positiv til rett trening og øvingar for deg.

 

 

Endring av opningstider

Frå 1. september 2016 vert opningstidene endra

 

 

bedrift

 

 

 

Opningstider i resepsjonen

Måndag, onsdag og fredag 07:00 - 12:00

Tysdag og torsdag 08:00 - 16:00

 

 

 

 

telefon

 

 

Opningstider for telefon

Måndag, onsdag og fredag 08:00 - 11:00

Tysdag og torsdag 08:00 - 11:00 og 12:00 - 15:00

 

 

 

Timar hjå Kolbjørn, Tove, Stine og Hilde utanom resepsjonstid etter avtale.

 

For online timetinging klikk her!

Subluxasjon/låsning

Mange trur at det å være smertefri og det samme som å være frisk.
Som mange allereie veit vil dei fleste ryggsmerter avtar innan tre månader, men det er ein godt bevart hemmelegheit at nesten 70 % av dei som vert smertefrie får tilbakefall innan eit til to år (fordi orsaka aldri vert funne og korrigert).

 

 

subluxation 

   

«Ein subluxasjon er når eitt ledd ”henger seg opp”/”låser seg” og sluttar å bevege seg slik det skal. Når det skjer vert både nervar, musklar og leddband etc. i området påverka på ein negativ måte. Det er viktig å huske at ikkje alle subluxasjoner er forbundet med smerter i starten.

 

 

 

Subluxasjoner oppstår når kroppen blir utsatt for stressfaktorar den ikkje klarer å tilpasse seg. Det finnes 3 hovudkategoriar av negativt stress: fysisk, psykisk og kjemisk.

 

 

Fysisk stress: Kan kome av både akutte hendingar, som til dømes ulukker, skader, fødsel osv., men også av repetativt kvardagsstress som til dømes ugunstig arbeidsstilling, dårleg haldning, dårlege skotøy, for lite mosjon osv.

 

 

Psykisk stress: Alle følelsar, både gode og dårlege, utløyser reaksjonar i kroppen og i nervesystemet ditt. I denne kategorien finn vi negativt stress som til dømes ved skilsmisse, dødsfall, mobbing, mistrivsel, depresjon/psykiske lidingar osv. Di psykiske helse betyr utruleg mykje meir for di fysiske helse, og omvendt, enn du kanskje trur!

 

 

Kjemisk stress: Handlar om kva ein puttar i/på kroppen. Røyk, alkohol, medikament osv. er døme på kjemisk stress kroppen vert utsatt for. Kosthold er også ein ekstremt viktig faktor her. Et du usunn mat regelmessig, og samtidig ikkje får i deg nok av dei gode tinga, vil du sakte, men sikkert forgifte kroppen din innanfrå.

 

 

Ein sterk og bevegeleg rygg er viktig for å kunne leva eit aktivt liv.

Me sjekkar gjerne funksjonsnivået i ryggen din!

 

 

 

2016

 

 

Fyrst og fremst vil me takke alle våre kundar for eit fantastisk 2015.

Me er takksame for å få ta del i helsa til kvar og ein av dykk!

 

Vårt ynskje for 2016 er å hjelpe, inspirere og motivere.

 

Me ser stadig fleire og fleire som har sokalla næringsbrist og korleis dette påverkar blant anna ryggraden og den generelle helsa vår.

 

Me kjem til å helda fram med fokus på aktivitet i kvardagen, ernæring og næringstilskot, og ikkje minst emosjonell og fysisk helse.

 

Det kjem fleire foredrag ut over vinteren og våren om kiropraktikk, kosthald og god helse.

 

Er det noko du lurar på er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss. Me kan svara deg på generelle og meir spesifikke spørsmål angåande helse og dine problem.

 

Me ynskjer deg eit godt nytt år!

 

 

 

Optimal helse

 

 

 

 

 

 

 

Foredraget «Optimal helse» den 23.april vert diverre utsett p.g.a. for få påmeldte.

Me kjem attende med dette foredraget seinare.

 

 

 


 

Onsdag 22. april kl.18:00 held me foredrag hjå Kiropraktoren AS.

 

Temaet vert "Optimal helse".

 

1250

Det koster ikkje anna enn tida di å delta. Du vil være glad for at du brukte av tida di og fekk med deg dette inspirerande foredraget.

 

For påmelding ta kontakt med oss i resepsjonen.

Du når oss på telefon nr.: 56510080.

Timebestilling

Facebook